torsdag 27. oktober 2011

Velkommen til min studieblogg :)


I år tek eg digital kompetanse i læringsarbeid ved Høgskulen i Volda. I samband med dette faget har vi i oppgåve å skrive ein studieblogg om emna vi arbeider med. Eg kjem difor til å legge ut interessene refleksjonar og teoriar rundt det vi har lært. Det hadde vore kjekt om du ville følgje bloggen min, og vere med på å kommentere og diskutere :)

For å bli kjend med dei andre studentane som tek digital kompetanse, fekk vi i oppgåve å intervjue ein anna student frå klassen. Eg valte ut ei jente som heiter Kjerstin. Ho har budd i Volda i nesten to og eit halvt år for å studere allmennlærar på høgskulen. Grunnen til at ho valte å ta DKL er at ho tykkjer dette er eit viktig fag som kan gi mange mogleikar i undervisninga. Kjerstin jobbar i tillegg til studia deltid ved Kiwi i Volda, dette grunna vi som studentar får så knapt med stipend. Her er det berre å komme inn for ein hyggelig handel :) Kjerstin er ei utadvent og kjekk jente, så om du vil høyre meir om ho, er det berre å ta seg ein tur innom bloggen hennar :)

Kvifor tykkjer du det er viktig å ta DKL som lærar? :)