fredag 23. mars 2012

Digitalt tankekart i undervisninga

Eit tankekart er ei visuell og ryddig oversikt over tankar og idear. Det kan forklarast som eit verktøy som gir elevane anledning til å vere aktive konstruktørar av eigen vitskap. Slik som Antvort skriv i leksjonen sin om tankekart, skal elevane lære med verktøyet, ikkje av verktøyet. (nettstad) I dette blogginnlegget tek eg utgangspunkt i det digitale tankekartet.

Eit tankekart har mange ulike bruksområde som det kan takast i bruk i forhold til.  Dei områda eg tykkjer er mest relevante å ta det i bruk til er når elevane skal få noko forklart eller visualisert, som idèmyldring, kognitiv støtte i ulike prosessar, ta notat, utforske eller i kunnskapsbygging , i tekstskaping og som samarbeid.

Ein konkret måte å bruke tankekart på i opplæringa er som ein teknikk for idèmyldring. Det går ut på å skrive eit ord i midten av eit ark og skrive idèar til det sentrale etter assosiasjon. Elevane kan då trekkje forbindingar mellom dei ulike orda og ideane dei kom opp med.  Slik vil det bli ein måte å framstille ideane sine på som kan lette arbeidet med tekstskrivinga til elevane ved at det blir ein slags disposisjon for teksten etter at dei har trekt linjene mellom tankane sine. 


Det finnes mange dataprogram for tankekart, t.d. gratis programmet FreeMind. Dette kan enkelt lastast ned frå internett saman med eit innføringskurs, og er eit godt alternativ til bruk i skulen. Eg prøvde meg litt fram med dette verktøyet og laga eit lite tankekart over måtar ein kan bruke det på i skulen.
Etter å ha prøvd ut digitale tankekart, ser eg mange fordelar med dette i forhold til tankekart på papiret. Det elektroniske tankekartet kan lagrast, og på den måten takast fram igjen og redigerast, samstundes som at det held seg ryddig og oversiktelig. Ein kan enkelt dele det med andre og på den måten utveksle idear. Ei svakheit vil alltid vere at teknologien kan svikte, men eg tykkjer ikkje at det kan vege opp mot mogleikane det digitale tankekartet kan skape i undervisninga. Dette er absolutt noko eg vil prøve ut i undervisninga mi.


Kjelder:
Nettstad:
Førelesningsnotat ”Tankeverktøy” DKL102. Våren 2012. Kjell Antvort, forelesar og studieprogramansvarlig i DKL-studie. Henta 23.03.12 frå https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$577341605$/RomArkiv/2.+Veke+4+og+13_prcent_3A+Tankeverkt_prcent_F8y/Veke+4_prcent_3A+Tenkeverkt_prcent_F8y+1/DKL102_Tenkeverkt_prcent_F8y1_v12.pdf


fredag 2. mars 2012

Samling 2: Barn og unge sin digitale kvardag.

Den andre samlinga dette semesteret handla om barn og unge sin digitale kvardag. Vi fekk gjennom denne samlinga mange gode idear til aktivitetar vi kunne ta i bruk i skulen for å nå den femte grunnleggande ferdigheita, nemlig å kunne bruke digitale verktøy for å lære.

Eit av undervisningsopplegga gjekk vi ekstra grundig igjennom og vi studentane fekk sjølve prøve det ut. Oppgåva var å lage ein animasjonsfilm for å få fram elevane sitt syn på eit fagleg spørsmål. Filmen vi laga, var eit svar på korleis ein finn omkrets av ein firkant.

Vi byrja med å lage eit manuskript, der handlinga og replikkane kom på plass. Vi tok deretter føre oss bileta som skulle vere med i filmen, og skreiv ned kva lyden til kvart bilete skulle vere. Dette blei eit viktig dokument for arbeidet vi hadde gjort. Når vi byrja å ta bileta og spele inn lyden, tok vi òg bilete av det vi gjorde med eit anna kamera som dokumentasjon på arbeidet.

Her er vårt svar på korleis ein finn omkretsen av ein firkant:



Eg tykkjer dette var ein svært kjekk måte å løyse eit slikt faglig spørsmål på. Eg trur absolutt at ei slik type oppgåve kan fengje elevane og vere ein god variasjon frå tradisjonell undervisning.  

Kva tykkjer du om vår løysing på oppgåva? :)

Samling 1: Sosial Web :)

På den fyrste samlinga i DKL dette semesteret fekk vi i oppgåve å lage ein Wiki saman med gruppa vår. Bjarnø m.fl. definerer ein Wiki som «ett nettbasert samarbeidsverktøy som kan gjøre publisering på internett enkelt og tilgjengelig for brukere (…). En wiki er ett kollektivt verktøy der enkelt individer verken har eierskap eller kontroll over innholdet som helhet.» (Bjarnø m.fl. 2009:109). Ein av grunnane til at Wiki egnar seg godt til bruk i skulen er at den er open, som vil seie at alle brukarane er likestilte. Alle brukarane kan då produsere innhald, redigere eller slette andre sitt arbeid. Difor egnar Wiki seg  godt når fleire skal skape ein felles tekst, men er såleis ikkje eit sosialt media på individnivå. Vi fekk gjennom dette arbeidet god erfaring med læringsressursen som kan takast i bruk på mange ulike måtar i skulen.


Den konkrete oppgåva vi skulle presentere i Wikien var å gjere greie for tre ulike nettsamfunn som vi skulle vurdere opp i mot kvarandre. Vi la då hovudvekt på mogleik for samarbeid, deling og publisering, geo- merking, funksjonar for dialog og respons, og om dei var eigna til læringsarbeid i skulen.

Sjekk ut Wikien vår ved å følje denne linken: sossweb

Kjelder:
V. Bjarnø, T.h Gievær, M. Johannesen og L. Øgrim (2009), DidIKTikk (2.utg.) Fagbokforlaget