mandag 23. april 2012

Bruk av RSS i undervisninga

Digital kompetanse er ein meget samansett kompetanse som blant anna dekkjer informasjonskompetansen. Det Store Norske leksikon definerer informasjonskompetase som  "...en samling av ferdigheter som gjør en person i stand til å identifisere når informasjon er nødvendig, og som setter vedkommende i stand til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende denne informasjonen". (Nettstad1) Ein måte å få elevane til å nå denne kompetansen på kan vere gjennom å nytte verktøyet RSS. Eg vil i dette blogginnlegget gjere greie for korleis ein kan bruke RSS i undervisninga og reflektere over kva nytteverdi dette verktøyet har.

RSS er ei forkorting for Really Simple Syndication (Richardson, 2006:75) Det er ein teknologi som gjer det mogleg å abonnere på innhald frå bestemte nettstadar, utan at ein treng å gå inn på sjølve nettstaden.  Slik kan ein enkelt overvake store mengder informasjon som ein ynskjer, utan å måtte oppsøkje den. (Nettstad2)Enkelte nettstadar oppdaterast ofte, og det kan fort bli gløymt eller tidkrevjande å søke desse opp. På den måten får vi teknologien til å jobbe for oss, og sparar tid. RSS kan slik vere eit nyttig verktøy både for elev og lærar.

Det finns mange gode læringsressursar på internett som kan nyttast til undervisning. For ein naturfaglærar kan det vere nyttig å følgje med på nettstaden forsknig.no. Ved å abonnere på ein RSSfeed, kan ein enkelt  få nyheitene direkte inn på nettstaden sin. Slik blir det enkelt å ha oppdatert informasjon tilgjengelig til planlegging og gjennomføring av undervisning. (Bjarnø:2009) RSS kan i høg grad vere med på å effektivisere arbeidet til læraren. Om klassen t.d. har studiebloggar kan lærar  i staden for å søkje opp kvar enkelt elev, få opp når elevane oppdaterer noko på RSS-lesaren sin, og på den måten spare tid. Om klassen skal arbeide med eit prosjekt kan lærar på førehand lage ein RSS- lesar som han delar med klassen med relevante og pålitelige kjelder. Å ta i bruk RSS i undervisninga er tett knytt til å utvikle elevane sin informasjonskompetanse sidan dei slik vil bli forberedt på korleis dei kan orientere seg og navigere eit komplekst informasjonssamfunn. Elevane får gjennom eit slikt arbeid handtere store mengder med informasjon som vert endra kontinuerlig, dette er ein viktig del av informasjonskompetansen. (Nettstad2)

Gjennom DKL studiet har eg oppretta ein konto i RSS-lesaren Netvibes. Denne er ganske lik andre RSS-lesarar, men grunnen til at eg valte den er at den opnar for å dele RSS-straumen med andre. Netvibes er gratis og egnar seg godt til i bruk i skulen fordi den er enkelt å bruke, oversiktelig og ryddig. Eg tykkjer at Netvibes var særs nyttig for meg, sidan det ofte er dei same nettstadane eg besøkjer. No kan eg enkelt halde meg oppdatert på alt frå nyheiter, været, bloggar og høgskulen, ved å gå inn på Netvibes-kontoen min. Det einaste minuset eg har erfart så langt er at det ikkje er alle nettstadar som tilbyr RSS-tjenesten endå. Etter å ha blitt kjend med RSS er likevel min konklusjon at dette er eit ypparleg verktøy for å effektivisere internettbruken for alle. Det opnar for gode mogleikar i skulen, og eg trur det kan vere særs motiverande å ta dette i bruk for elevane sidan ein så lett kan sjå nytteverdien det gir. 

Kjelder:
V. Bjarnø, T.h Gievær, M. Johannesen og L. Øgrim (2009), DidIKTikk (2.utg.) Fagbokforlaget
Will Richardson (2006) Blogs, Wikis, Podcasts and Other Powerful Web Tools for Classrooms, Corwin Press
Internett:
Nettstad 1:
Førelesningsnotat ”Informasjonskompetanse” DKL102. Våren 2012. Ivar John Erdal, førelesar på Medie- og kommunikasjonsteknologi og DKL-studiane. Henta 17.04.12 frå
https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$399421416$/RomArkiv/6.+Veke+10-12_prcent_3A+Informasjonskompetanse/V12_DKL102_Informasjonskompetanse1.pdf
Nettstad 2:
Førelesningsnotat ”Informasjonskompetanse 2” DKL102. Våren 2012. Ivar John Erdal, førelesar på Medie- og kommunikasjonsteknologi og DKL-studiane. Henta 17.04.12 frå
https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$399421416$/RomArkiv/6.+Veke+10-12_prcent_3A+Informasjonskompetanse/V12_DKL102_Informasjonskompetanse2.pdf
Nettstad 3:
http://www.netvibes.com/privatepage/1

søndag 22. april 2012

Samansette tekstar

Samansette tekstar står veldig sentralt i LK06. Omgrepet har gått frå å dreie seg mest om analoge media som bilete bøker, teikneseriar, songtekstar, avisoppslag og lydfilm til å omfatte digitale media der skrift, lyd og bilete spelar saman til eit samla uttrykk. Det kan t.d. vere nettaviser, reklame, musikkvideoar, e-post og bloggar. Eit av dei fire hovudområda i norsk er samansette tekstar. Tekstar med ein kombinasjon av fleire uttrykksformer har lenge vore ein del av norskfaget, likevel er omgrepet og den sentrale plassen desse tekstane har fått nytt i læreplanen.(Bjarnø m.fl.2009)

Ein fin måte å ta i bruk samansette tekstar på i skulen er ved hjelp av digitale forteljingar. Det er korte forteljingar der bilete, lyd, tekst og video inngår. Her kan ein gjerne ta opp personlege vinklingar uttrykt gjennom eigne bilete og eiga stemme.  I skulesamanheng kan det vere veldig motiverande for elevar å kombinere tekst og bilete, dette kan føre til at elevane blir meir kreative og fantasifulle. Det finnes mange gode digitale verktøy for å lage samansette tekstar. Her må lærar sette seg inn i dei ulike programma og finne ut kva som er best egna for det aktuelle arbeidet. Det viktigaste er at lærar har kompetanse i programmet og tørr å vere kreativ slik at ein kan motivere og engasjere elevane i arbeidet med samansette tekstar.

Ved tidlegare skulegong har eg og ei veninne ved hjelp av Windows Movie Maker laga eit døme på ein samansett tekst der vi nytta bilete og lyd. Vi laga og ein versjon med dei same bileta, i redigeringsprogrammet Paint.

 



Kjelder:
V. Bjarnø, T.h Gievær, M. Johannesen og L. Øgrim (2009), DidIKTikk (2.utg.) Fagbokforlaget

Førelesningsnotat ”Samansette tekstar 1 ” DKL102. Våren 2012.Kjartan Bjorøy, forelesar og studieprogramansvarlig i DKL-studie. Henta 10.04.12 frå
https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$904267951$/RomArkiv/5.+Veke+8_prcent_3A+Samansette+tekstar/DKL102+Samansette+tekstar+-1++v_prcent_E5ren+2012.pdf

Førelesningsnotat ”Samansette tekstar 2 ” DKL102. Våren 2012.Kjartan Bjorøy, forelesar og studieprogramansvarlig i DKL-studie. Henta 10.04.12 frå
 https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$904267951$/RomArkiv/5.+Veke+8_prcent_3A+Samansette+tekstar/DKL102+Samansette+tekstar+-2++v_prcent_E5ren+2012.pdf

Samling 3: Google Earth :)

På den tredje samlinga i DKL dette semesteret skulle vi gruppevis lage ei veiledning til ei oppgåve for elevar der dei brukar Google Earth/kart som verktøy, læremiddel eller inspirasjon.

Vi valte å lage eit opplegg for ei 7. klasse i samfunnsfag der vi delte klassen inn i gruppe på tre. Opplegget skulle gå over to veker, der vi tenkte oss at det var to timar samfunnsfag per veke. Den fyrste timen kunne lærar forklare og introdusere oppgåva og programmet, og elevane kunne få idemyldra i gruppene. Deretter fekk elevane dei to neste timane til å jobbe med oppgåva, før gruppene skulle presentere resultatet sitt for klassen den siste timen. Utstyret ein bør ha for å gjennomføre dette opplegget er data, Google Earth, Picasa og Exel.

Oppgåva elevane skulle få var å lage ei reiserute i eit fritt valt land. Her skulle dei ta med bilete for å sjå kva mogleikar det er til å sjå ulike attraksjonar på vegen (help-advanced user guide-touring) lagre det som ei fil, og så laste det opp i Google Earth. I tillegg skulle dei lage eit budsjett over denne reisa (fly, ol.) Elevane skulle då ta i bruk Google Earth for å vise eit land dei skal reise til.

I kunnskapsløftet seier to av kompetansemål etter 7. trinn at elevane skal kunne « lese og bruke papirbaserte og digitale kart og lokalisere geografiske hovudtrekk i sitt eige fylke, nabofylka, dei samiske busetjingsområda, Noreg, Europa og andre verdsdelar» og «planleggje og presentere reiser til Europa og andre verdsdelar ved å bruke digitale verktøy»(LK 06) Eg tykkjer at opplegget vårt i høg grad dekkjer desse kompetansemåla.

Kjelder:
Youtube.com- Google Earth tour http://www.youtube.com/watch?v=KH8N3DtkNSo
Kunnskapsløftet (LK06) http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=0&gmi=158524&v=5

onsdag 18. april 2012

IKT og tilpassa opplæring

I opplæringslova §1-2  står det at alle elevar har rett på individuelt tilpassa opplæring. Dette kjem òg tydlig fram i kunnskapsløftet,  og det blir difor sett på som eit overordna mål i norsk skule. Tilpassa opplæring er ei tilrettelegging for læring der elevane utifrå sine evner og føresetnadar søkjer utfordringar slik at dei får utvikle seg faglig, sosialt, fysisk og personlig. Prinsippet byggjer på at læraren har kunnskap om og forståing av elevane sine læreføresetnadar. (Brøyn m.fl.2005) IKT har eit stort potensial når det gjeld å tilpasse opplæringa. Utfordringa til læraren ligg då i å sjå når og korleis dette verktøyet kan nyttast for å skape dei beste læreføresetnadane til kvar enkelt elev.

Datamaskina og programvarene i seg sjølv seier lite om kvaliteten elevane får på den tilpassa opplæringa. Det er difor viktig å hugse at læring skjer gjennom den sosiale og faglige overføringa mellom elevane og lærar tilknytt den IKT-baserte læringa. Det er fyrst då det kan oppstå høg kvalitets læring. (Brøyn m.fl.2005) Å bruke IKT som ein integrert del av undervisninga kan føre til at elevane ser på arbeidet med dei digitale læringsressursane i samanheng med fagstoffet.  Slik kan programvarene bli ein meirverdi i læringssituasjonen til elevane, slik som vi ynskja. Eg tykkjer at IKT kan vere eit særs godt læringsmiddel og skape ein god mogleik for å tilpasse opplæringa, dersom læringa blir sett inn i ein kontekst.

Det er utvikla mange gode digitale læremiddel som kan bli brukt i undervisning. Digitale læringsressursar er elektroniske hjelpemiddel som blir brukt i ein pedagogisk situasjon. Slik er det den pedagogsike konteksten som hjelpemiddela blir brukt i som gjer det til ein læringsressurs. Ein kan skilje mellom tre hovudtypar av digitale læringsressursar, standarprogram som teksthandsamar og rekneark, pedagogsike program og faglige ressurssider. På ein tekstbehandlar kan ein t.d. endre på menyane, og slik avgrense mogleikane og gjere programmet lettare eller vanskeligare. På same måte kan ein gjere tilpassingar i ein del pedagogiske program med tanke på nivå og tempo.  Eit pedagogisk program ein kan bruke i matematikkundervisning er «Marte i regnskogen» her kan lærar enkelt tilpasse vanskegrada og rekneart. (Bjarnø m fl. 2009)

Etter ein god del erfaring med bruk av digitale læringsressursar  i skulen, tykkjer eg at IKT er særs godt egna for å legge til rette for individualisering, differansiering, repetisjon og tilpassa opplæring. IKT kan vere med på å variere undervisninga, slik at ein kan tilretteleggje for å treffe kvar enkelt på deira sterke område. På den måten gir ein elevane utfordringar, samstundes som det er gode mogleikar for mestring, slike forskjellar kan vere ypparlege å nytte til læring i fellesskap. Tilpassa opplæring er nok ei av dei største utfordringane ein lærar møter i kvardagen. Eg trur at IKT kan vere med på å lette dette kravet fordi det gir så mange mogleikar når det gjeld tilpassing. Det er utvikla ei rekkje gode pedagogiske program som kan vere lærerike,  utfordrande og motiverande for elevar på alle nivå. Det viktigaste er at læraren veit om læringsmogleikane IKT kan skape, og nytta desse på ein hensiktsmessig måte.  Slik kan ei variert undervisning der lærar nyttar multimedialitet for å tilpasse undervisninga til elevane sine læringsstilar, føre til auka læring hos alle elevane. 

Kjelder:
Bjarnø Vibeke,  Tonje .H Gievær, Monica Johannesen og Leikny Øgrim (2009), DidIKTikk (2.utg.) Fagbokforlaget
Brøyn, Tore og Jon-Håkon Schultz(RED.) (2005),IKT og tilpasset opplæring (2.utg.)Universitetsforlaget AS

Internett:
Kunnskapsløftet (LK06) Udir.no
Førelesningsnotat ”IKT og tilpassa opplæring” DKL102. Våren 2012. Kjartan Bjorøy, forelesar og studieprogramansvarlig i DKL-studie. Henta 17.04.12 frå
https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$904267951$/RomArkiv/3.+Veke+5.+IKT+og+tilpassa+oppl_prcent_E6ring/DKL102+IKT+og+tilpassa+oppl_prcent_E6ring+v_prcent_E5ren+2012.pdf