søndag 22. april 2012

Samling 3: Google Earth :)

På den tredje samlinga i DKL dette semesteret skulle vi gruppevis lage ei veiledning til ei oppgåve for elevar der dei brukar Google Earth/kart som verktøy, læremiddel eller inspirasjon.

Vi valte å lage eit opplegg for ei 7. klasse i samfunnsfag der vi delte klassen inn i gruppe på tre. Opplegget skulle gå over to veker, der vi tenkte oss at det var to timar samfunnsfag per veke. Den fyrste timen kunne lærar forklare og introdusere oppgåva og programmet, og elevane kunne få idemyldra i gruppene. Deretter fekk elevane dei to neste timane til å jobbe med oppgåva, før gruppene skulle presentere resultatet sitt for klassen den siste timen. Utstyret ein bør ha for å gjennomføre dette opplegget er data, Google Earth, Picasa og Exel.

Oppgåva elevane skulle få var å lage ei reiserute i eit fritt valt land. Her skulle dei ta med bilete for å sjå kva mogleikar det er til å sjå ulike attraksjonar på vegen (help-advanced user guide-touring) lagre det som ei fil, og så laste det opp i Google Earth. I tillegg skulle dei lage eit budsjett over denne reisa (fly, ol.) Elevane skulle då ta i bruk Google Earth for å vise eit land dei skal reise til.

I kunnskapsløftet seier to av kompetansemål etter 7. trinn at elevane skal kunne « lese og bruke papirbaserte og digitale kart og lokalisere geografiske hovudtrekk i sitt eige fylke, nabofylka, dei samiske busetjingsområda, Noreg, Europa og andre verdsdelar» og «planleggje og presentere reiser til Europa og andre verdsdelar ved å bruke digitale verktøy»(LK 06) Eg tykkjer at opplegget vårt i høg grad dekkjer desse kompetansemåla.

Kjelder:
Youtube.com- Google Earth tour http://www.youtube.com/watch?v=KH8N3DtkNSo
Kunnskapsløftet (LK06) http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=0&gmi=158524&v=5

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar