Ein fin måte å ta i bruk samansette tekstar på i skulen er ved hjelp av digitale forteljingar. Det er korte forteljingar der bilete, lyd, tekst og video inngår. Her kan ein gjerne ta opp personlege vinklingar uttrykt gjennom eigne bilete og eiga stemme. I skulesamanheng kan det vere veldig motiverande for elevar å kombinere tekst og bilete, dette kan føre til at elevane blir meir kreative og fantasifulle. Det finnes mange gode digitale verktøy for å lage samansette tekstar. Her må lærar sette seg inn i dei ulike programma og finne ut kva som er best egna for det aktuelle arbeidet. Det viktigaste er at lærar har kompetanse i programmet og tørr å vere kreativ slik at ein kan motivere og engasjere elevane i arbeidet med samansette tekstar.
Ved tidlegare skulegong har eg og ei veninne ved hjelp av Windows Movie Maker laga eit døme på ein samansett tekst der vi nytta bilete og lyd. Vi laga og ein versjon med dei same bileta, i redigeringsprogrammet Paint.
Kjelder:
V. Bjarnø, T.h Gievær, M. Johannesen og L. Øgrim (2009), DidIKTikk (2.utg.) Fagbokforlaget
Førelesningsnotat ”Samansette tekstar 1 ” DKL102. Våren 2012.Kjartan Bjorøy, forelesar og studieprogramansvarlig i DKL-studie. Henta 10.04.12 frå
https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$904267951$/RomArkiv/5.+Veke+8_prcent_3A+Samansette+tekstar/DKL102+Samansette+tekstar+-1++v_prcent_E5ren+2012.pdf
Førelesningsnotat ”Samansette tekstar 2 ” DKL102. Våren 2012.Kjartan Bjorøy, forelesar og studieprogramansvarlig i DKL-studie. Henta 10.04.12 frå
https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$904267951$/RomArkiv/5.+Veke+8_prcent_3A+Samansette+tekstar/DKL102+Samansette+tekstar+-2++v_prcent_E5ren+2012.pdf
Du presenterer og forklarer hva samensatte tekster er på en oversiktilig og god måte. Det å kombinere tekst og bilde er ikke bare kreativt og motiverende men man kan tilpasse undervisningen på en helt annen måte. Flott at dere har brukt Windows Movie Maker og at du viser oss et eksempel dere har laget. Hva med å presentere kort et par andre programmer?
SvarSlettFint Innlegg!