onsdag 23. november 2011

Omsyn – opphavsrett og personvern

I dette blogginnlegget vil eg ta føre meg opphavsrett med hovudvekt på publisering av bilete på internett og korleis ein kan arbeide med dette emne i skulen.

Materialet som er lagt ut på internett ligg der for kven som helst til å lese, sjå, lytte og diskutere. Etter Kopinor - avtalen kan ein bruke og lagre elektronisk materiale slik ein ynskjer for bruk i undervisninga. Det kan vere ei ganske enkel sak å kopiere bilete frå internett og bruke dei på eiga nettside. Det vil seie republisering av bilete (eksemplarframstilling), og er  ikkje lov. Berre rettigheitshavar, som vil seie den som har rett til å framstille eksemplaret kan publisere bileta på internett. Her vil eg nemne eit unntak, som gjeld om bileta ligg på ei nettside der det blir uttrykka at bileta er gratis, og at ein kan laste dei ned og bruke dei til kva ein vil.

Det kan vere eit vanskelig skilje å vite når ein kan publisere eit bilete og ikkje. Her bør ein ikkje ta sjansar, og det kan difor vere nyttig å setje seg inn i det åndsverklova seier.  Når det gjeld bilete seier lova at ein må ha tillating frå fotografen for å publisere eit bilete, fordi det er denne personen som har einerett på bilete. (Åndsverksloven 1961, §43a). Fleire omsyn ein må ta er om det er personar med i bilete. Kjem desse tydelig fram må ein òg ha tillating frå personane og føresette, om dei er yngre enn femten år. Her finnes eit unntak frå lova, det er om bilete er teke i det offentlege rom eller om ein ikkje kan identifisere personane, til dømes i 17. mai tog. Då er det berre fotografen ein må ha tillating frå. (Åndsverkloven 1961, § 45c) Skulle bilete vise eit åndsverk, er etisk uforsvarleg eller kriminaliserande er dette og faktorar ein må ta omsyn til når det gjeld publisering. Her er det viktig å hugse på at lova er til for å beskytte oss (personvern) og sørgje for at vi får eit rimelig vederlag for vår skapande innsats (opphavsrett) (Førelesning med Kjell Antvort, 3. samling).

Sidan internett stadig har ei auka stilling i skulen og undervisninga, blir det viktigare å lære elevane om åndsverklova. Opphavsrett er noko som opptar barn og unge. Det kan vere uforståelig frå deira ståstad at dei ikkje kan bruke det dei finn på nettet , til dømes å kopiere musikk eller anna som ligg tilgjengelig for dei. I ein undervisningssituasjon ville eg ikkje lagt hovudvekt på å lære dei lovene, men å få elevane i dialog, og at dei på den måten kan forstå lovene og kvifor dei er slik. Ein kan gjerne ta føre seg ein tenkt situasjon, slik at elevane kan identifisere seg med opphavsmannen. Då kan det vere større sjans for at elevane får ei anna oppfatting om kva som er rett og gale. Når elevar brukar internett for å laste ned bilete og tekst, til dømes i eit prosjektarbeid møter ein med ein gong opphavsrettslege spørsmål.  Elevane kan laste ned materiell frå internett til slike arbeid så lenge det berre skal visast i klasserommet for lærar og medelevar. Om ein derimot legger ut presentasjonen på internett, blir det rekna som eksemplarframstilling og kan rammast av åndsverklova.  Bodskapen her vil vere at ein har eit stort ansvar, og må setje seg inn i det lovverket seier. Ein må difor vurdere og tenkje seg godt om før ein publiserar eit bilete offentlig på internett.

Kjelder:
Bjarnø, Vibeke, Tonje Hilde Giæver, Monica Johannesen og Leikny Øgrim (2009). DidIKTikk, digital kompetanse i praktisk undervisning, 2.utgave.Bergen. Fagbokforlaget.
Åndsverkloven (1961), henta 23.11.11 frå: http://www.lovdata.no/all/hl-19610512-002.html
Førelesningsnotat ”Hensyn” DKL101. Hausten 2011. Kjell Antvort, forelesar og studieprogramansvarlig i DKL-studie. Henta 23.11.11 frå https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/94132477$577341605$/RomArkiv/Uke+47_prcent_3A+Hensyn/DKL101_Hensyn_h11.pdf

Word eller Google Docs?

Word og Google Docs er to ulike skriveprogram som kan brukast i opplæringa. Eg har hatt ein god del erfaring med begge, og tykkjer at dei gir mange av dei same mogleikane. Ein av hovudforskjellane her er at Word kostar pengar, medan Google Docs er gratis. I DKL- studiet eg følgjer i år, brukar dei gratis prinsippet ved bruk av digitale verktøy. Dette tykkjer eg er positivt på mange område. Som student kan det vere greitt å kunne ta dei same programma direkte i bruk på eiga datamaskin. Det å bli kjend med ulike gratis program før ein kjem ut i skulen er òg vesentlig, sidan det er ikkje alle skular som har ressursar til å kjøpe inn slikt material.

Mange av gratis programma vil absolutt kunne fungere til gode læringssituasjonar. Men kan det oppstå problem ved bruk av desse? Sidan eg i dette blogginnlegget omtalar Word og Google Docs, vil eg svare ja. I praksisperioden min fekk eg erfare mykje bruk av Google docs, dette var det einaste skriveprogrammet skulen hadde. Både lærarar og elevar møtte mykje frustrasjon, særskild på grunn av dårlig internett tilkopling. Skal ein bruke Google Docs må ein ha internett tilgang, og sidan denne var svært varierande gjekk fleire undervisningsopplegg i vasken, og ein måtte alltid ha ein plan b. Dette tykte lærarar og elevar var slitsamt. Så på ein skule ville eg heller ha kjøpt Word, så ein alltid har eit skikkelig skriveprogram å bruke. Lærarar er profesjonelle, og fortena difor profesjonelt utstyr. Men eg er fullt open for at Google Docs er eit godt program som absolutt kan fungere i skulen, men ein må då vere obs på å ha god internett tilgong.

Den 3. samlinga

På den tredje samlinga var vi på eit lærerikt besøk ved Velle skule i Ørsta. Her fekk vi lære om smartboard og mogleikane ei slik tavle kan gi i undervisninga.  Vi fekk heilt tydelig sjå mange av fordelane ei slik tavle kan gi både for lærar og elevar.

Nokre fordelar ei elektrisk tavle kan gi i undervisninga kan vere at den fremjar elevaktivitet, den gir variasjon, skapar motivasjon og merksemd.  Alt ein skriv på tavla, kan lagrast og brukast opp igjen enten til repetisjon eller til andre klassar ved seinare høve. Tavla gjer at ein enkelt kan laste ned videoar, bilete og lyd og bruke direkte i klasserommet. Dessutan kan ein bruke læringsressursar på internett, gjerne dei som høyrer til lærebøkene og integrere fleire ulike program. Om elevar lurer på noko som lærar ikkje har svar på, kan han gå inn på internett og prøve å finne svar på dette med ein gong. Elevarbeid som blir gjennomført på tavla kan takast opp på film, slik at lærar i etterkant kan gå tilbake og sjå korleis eleven tenkte, til dømes på eit reknestykke. Fordelar som er særskild for læraren er at ein kan klargjere opplegg på førehand, tavla kan ferdig skrivast før timen, så ein slepp å bruke tid på dette.  Desse opplegga kan lærar lagre i si digitale portefølje, og bruke på nytt ved seinare anledningar.  Det gir òg mogleikar til å skrive ut notat eller dele det med andre lærarar eller elevar. Eg vil seie at ei slik tavle eignar seg godt som tilpassa opplæring, alle elevar lærer ulikt og ei slik tavle kan dekkje mange læringsstilar. Om du ynskjer å finne ut meir om digitale tavler kan du gå inn på smartskole.no.

Rekneark

Å kunne rekne er den ferdigheita som tradisjonelt sett har vore mest knytta til å bruke digitale verktøy, som i denne samanhengen vil vere rekneark. Dette har si grunngjeving i at datamaskinene er godt utvikla for tunge rekne jobbar og behandling av store mengder data. Sidan rekning er ein av dei fem grunnleggjande ferdigheitene som skal inngå i alle fag, kan ein lett knytte rekneark til dei fleste fag.

Rekneark er eit opent dataprogram, det er ikkje avhengig av ein bestemt kontekst for å kunne bli brukt. Dette støttar opp under at programmet kan brukast i fleire fag, til dømes i matematikk, naturfag, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving. I matematikk kan programmet brukast til matematiske og økonomiske utrekningar og til å samle, systematisere og presentere data. I tillegg kan det egne seg godt for å visualisere statistikk, representasjon av samanhengar og innanfor emna funksjonar og algebra. I naturfag kan rekneark vere til hjelp når ein skal visualisere med modellar eller gjere forsøk og feltarbeid. Det kan vere ein fin måte og framstille resultat på eit forsøk i Excel, dette blir gjerne meir oversiktelig og ryddigare enn i Word. I språklæring kan ein trekkje inn Excel som digitalt hjelpemiddel ved gloseprøvar eller grammatikk. Excel kan vere eit godt verktøy i kroppsøving om ein klasse til dømes skal planleggje ein tur. Excel er eit omfattande program som gir elevane mogleik til å utforske, stille spørsmål, finne ut av samanhengar og undre seg. Ved digitale verktøy som rekneark på datamaskiner får ein nye mogleikar som gjer at ein kan trekkje skriving, lesing og munnleg aktivitet inn i faga på andre måtar enn tidlegare.
For at Excel skal fungere som eit verktøy for elevane, må dei forstå det elektroniske arket og samanhengane det viser. Eit stramt undervisningsopplegg kan lett gi programmet avgrensingar, difor må ein som lærar leggje vekt på at elevane skal få utforske programmet og finne ut kva mogleikar eit slikt rekneark kan gi. Det at elevane får erfaring med kor mykje tid og arbeid ein kan spare seg om ein nytta rekneark som digitalt hjelpemiddel i ulike fag er viktig for å motivere dei. Mange elevar tykkjer det er kjekt å bruke data i opplæringa, slik kan Excel vere noko kjekt samstundes som elevane lærer. Likevel er det viktig  å skape ei god haldning og motivere til bruk av dataprogram som hjelpemiddel. Etter mykje erfaring med Excel i praksisperiodar og ved høgskulen har eg sett at Excel kan vere eit veldig godt hjelpemiddel i opplæringa. Eg har sett mange fordelar ved å ta i bruk programmet i undervisninga mi, og kjem difor til å forsette med det.

Kjelder:
Bjarnø, Vibeke, Tonje Hilde Giæver, Monica Johannesen og Leikny Øgrim (2009). DidIKTikk, digital kompetanse i praktisk undervisning, 2.utgave.Bergen. Fagbokforlaget.
Høiland, Terje og Tor Arne Wølner(2007). Fra digital ferdighet til kompetanse- om didaktikk for arbeid med digitale medier i skolen. Oslo. Gyldendal Akademisk

tirsdag 22. november 2011

Audacity eller Goldwave?

Både Audacity og Goldwave er programmer for lydredigering som enkelt kan lastast ned frå internett som eignar seg til bruk i skulen. Eg vil her ta føre meg desse to programma og til slutt gi ei kort vurdering om kva program eg ville brukt i undervisninga.

Audacity er ei fri programvare, og programmet gir mange mogleikar når det gjeld redigering av lyd. Blant anna kan ein ta opp direktesendt lyd og klippe, spleise og mikse saman ulike lydar.  Ein kan og endre hastigheita eller tonehøgda til eit opptak. Dette kan vere greitt når ein skal bruke tale og musikk i same lydfila. Ein kan òg redigere mp3- og wav- lydfiler, som er særs aktuelt i skulen, når ein gjerne vil ha mindre lydfiler og bruke desse til dømes saman med tekst og bilete.

GoldWave er ikkje ei fri programvare slik som Audacity. Det tilhøyrer ein kategori som heiter shareware. Det vil sei at etter 3000 operasjonar vil programmet stoppe å fungere og ein må betale for det.  Ein fordel som GoldWave har er at det kan ta spor frå ein CD inn som filer, og bruke denne i ulike filformat og kvalitetar.

Begge programma kan komprimere lyden til mp3 format, men dette må etterinstallerast. Dei gir i hovudsak dei same mogleikane til å redigere lyd. Men sidan Audacity er ei fri programvare og det er dette programmet eg har mest kjennskap til, ville eg valt å bruke dette i skulen. Likevel er begge programma godt eigna til undervisning, og eg trur ikkje det har så mykje å seie kva for program ein vel av desse to sidan dei er så pass like.

Kjelder:

Høiland, T. & T. A. Wølner (2007) Fra digital ferdighet til kompetanse - om didaktikk for arbeid med digitale medier i skolen. Oslo: Gyldendal Akademisk

Lyd 1. DKL101. Hausten 2011. Kjell Antvort, forelesar og studieprogramansvarlig i DKL-studie.

torsdag 17. november 2011

Bileteforteljing!

den 2. samlinga fekk vi ei oppgåve der vi skulle lage ei bileteforteljing på to minutt ved hjelp av redigeringsprogrammet Picasa. Oppgåva gjekk ut på at hovudpersonen skulle ynskje noko, men ha vanskar med å få tak i dette.






Bileteforteljinga er laga saman med Karoline og Marius!
Kva tykkjer du om vår løysing? :)

søndag 13. november 2011

Bilete redigering :)

På den andre samlinga dette semesteret lærte vi om bilete. Vi fekk prøve å ta fleire bilete, med ulike kamera instillingar. Eg har tidlegare ikkje tenkt noko særlig over ISO, blender og lukketid når eg tek bilete. Difor tykte eg dette var særs nyttig å lære, eg såg fort kor mykje betre bilete ein kunne få om ein brukte desse verktøya riktig i enkelte situasjonar. Etter å ha testa ut nokre funksjonar på kameraet, la vi bileta over på datamaskina og redigerte dei i eit program som heiter Picasa. Eg har tidlegare vore vand med å bruke redigeringsprogrammet i Windows Live Photo Gallery for Vista. Difor har eg valt ut eit bilete eg har redigert frå kvart av programma og skal samanlikne mogleikane desse programma gir.
           
Bilete til høgre er redigert med programmet Picasa. Der har eg justert utfyllingslyset, og tatt ned farge temperaturen slik at bilete blei mørkare. Bilete til venstre har eg redigert med Windows Live Photo Gallery, her gjorde eg bilete lysare, varmare og brukte litt kontrast.
Begge desse programma gir gode mogleikar til å redigere bilete, begge har med dei viktigaste effektane. Picasa har litt fleire ”ferdig malar” der ein berre trykkjer på ein knapp og redigerar bilete til svart/ kvit, sepia osb. det har òg generelt litt fleire mogleikar som t.d. å lage bileteserie. Difor ville eg føretrekt å redigere bilete i Picasa.
Kva redigerisngsprogram likar du å bruke?

fredag 11. november 2011

Samskriving

I dette blogginnlegget skal eg ta føre meg samskriving og korleis samskriving kan vere eit verktøy for elev- elev- vurdering. ”Samskriving er at fleire skapar ein felles tekst” (Eritsland 2008:10) Det vil seie at elevar skapar ein tekst saman, ved å skrive i det same dokumentet, gjerne samstundes. Når elevane samarbeidar slik om å skape ein tekst, vil det medføre at dei lyt ta i bruk kvarande sin skrive- og tekstkunnskap. Eit program som er godt eigna til samskriving er google docs. Her kan elevane sitje på kvar si datamaskin og skape ein tekst i fellesskap. Samskriving kan vere ein god læringssituasjon, der elevane får samtale om og diskutere tekstskapinga si medan dei skriv. Slik må dei forhandle om rammer for skrivinga, kva element som skal vere med og om den språklege forma til teksten og strukturen. Eit slikt samarbeid om tekst kan gjere at elevane får ei ny og større forståing av tekstomgrepet og skrivestrategiar. Det viser at det blir ei elevaktiv læringsform, der elevane saman utforskar språk og tekst. Slik får elevane bevege seg ut i den proksimale utviklingssona og utvikle seg vidare. Denne måten å arbeide på kan leggje grunnlag for ein sterk motivasjon i skriveopplæringa.
Vurdering er ein viktig prosess i samskriving. Sidan elevane jobbar tett inn på kvarandre sine tekstar kan samskriving vere eit godt verktøy for elev- elev vurdering. Når fleire skapar ein tekst saman, blir dei tvinga til å lese kvarandre sine tekstar og vurdere desse i forhold til korleis det passar inn i den felles teksten når det gjeld språk, struktur og verkemiddel. Elevane kan enkelt gi kvarandre konstruktive tilbakemeldingar gjennom eit slikt program. Dei kan gå direkte inn i teksten og kommentere, vurdere eller samtale med kvarandre. Det at elevane får tilbakemeldingar frå andre enn læraren kan vere nytt og spennande, og føre til at elevane får betre forståing av dei prøvar å meistre. Kommunikasjon spelar ei sentral rolle i eit slikt arbeid, elevane må ha ein viss kompetanse i samarbeid, undervegsrettleiing, refleksjon og eigenvurdering. Samskriving kan vere eit verktøy som gir elevane ein gyllen mogleik til å hjelpe kvarandre vidare i tekstskapinga si.
Kjelder:
Eritsland, A. G., (2008). Samskriving - Ny veg i skriveopplæringa. Fagernes: Det Norske Samlaget
Karlsen, Asgjerd Vea og Wølner, Tor Arne (2009): Den femte grunnleggende ferdighet. Portefølje og digitale mapper – et sted for læring. Oslo. Gyldendal Nordisk Forlag AS