I dette blogginnlegget skal eg ta føre meg samskriving og korleis samskriving kan vere eit verktøy for elev- elev- vurdering. ”Samskriving er at fleire skapar ein felles tekst” (Eritsland 2008:10) Det vil seie at elevar skapar ein tekst saman, ved å skrive i det same dokumentet, gjerne samstundes. Når elevane samarbeidar slik om å skape ein tekst, vil det medføre at dei lyt ta i bruk kvarande sin skrive- og tekstkunnskap. Eit program som er godt eigna til samskriving er google docs. Her kan elevane sitje på kvar si datamaskin og skape ein tekst i fellesskap. Samskriving kan vere ein god læringssituasjon, der elevane får samtale om og diskutere tekstskapinga si medan dei skriv. Slik må dei forhandle om rammer for skrivinga, kva element som skal vere med og om den språklege forma til teksten og strukturen. Eit slikt samarbeid om tekst kan gjere at elevane får ei ny og større forståing av tekstomgrepet og skrivestrategiar. Det viser at det blir ei elevaktiv læringsform, der elevane saman utforskar språk og tekst. Slik får elevane bevege seg ut i den proksimale utviklingssona og utvikle seg vidare. Denne måten å arbeide på kan leggje grunnlag for ein sterk motivasjon i skriveopplæringa.
Vurdering er ein viktig prosess i samskriving. Sidan elevane jobbar tett inn på kvarandre sine tekstar kan samskriving vere eit godt verktøy for elev- elev vurdering. Når fleire skapar ein tekst saman, blir dei tvinga til å lese kvarandre sine tekstar og vurdere desse i forhold til korleis det passar inn i den felles teksten når det gjeld språk, struktur og verkemiddel. Elevane kan enkelt gi kvarandre konstruktive tilbakemeldingar gjennom eit slikt program. Dei kan gå direkte inn i teksten og kommentere, vurdere eller samtale med kvarandre. Det at elevane får tilbakemeldingar frå andre enn læraren kan vere nytt og spennande, og føre til at elevane får betre forståing av dei prøvar å meistre. Kommunikasjon spelar ei sentral rolle i eit slikt arbeid, elevane må ha ein viss kompetanse i samarbeid, undervegsrettleiing, refleksjon og eigenvurdering. Samskriving kan vere eit verktøy som gir elevane ein gyllen mogleik til å hjelpe kvarandre vidare i tekstskapinga si.
Kjelder:
Eritsland, A. G., (2008). Samskriving - Ny veg i skriveopplæringa. Fagernes: Det Norske Samlaget
Karlsen, Asgjerd Vea og Wølner, Tor Arne (2009): Den femte grunnleggende ferdighet. Portefølje og digitale mapper – et sted for læring. Oslo. Gyldendal Nordisk Forlag AS
Eg tykjer du peiker på mange positive sider hos samskriving, ein anna ting som også er veldig positivt som samskriving er at ein slik prosess også kan minske sjansen og muligheten for plagiat fordi dei arbeider med tekstane gradvis og dei får ofte meir veiledning av andre underveis.
SvarSlettTakk for gode innspel! Dette har eg faktisk ikkje tenkt på endå, men det har du heilt rett i :)
SvarSlettFlott innlegg Marita. Du har heilt rett i at samskriving gir elevane store moglegheiter. Elevane blir meir bevisste rundt forskjellige forhold som fonem og grafem. Dei får betre kjennskap til ordforråd, noko som er den viktigaste faktoren for å bli ein god skrivar. Dei får også kjennskap om språk, ulike sjangrar og om verda, med andre ord den språkelige bevisstheita blir stimulert noko som er svært viktig med tanke på at læreplanen LK06 har fokus på den grunnleggande ferdigheita - det å kunne utrykke seg skriftleg (Utdanningsdirektoratet,u.å)
SvarSlettKjelde:
Utdanningsdirektoratet: Grunnleggende ferdigheter for skolen henta 27.11.2011 frå http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=2