fredag 13. januar 2012

Studieblogg

Studentblogg kan vere eit godt verkty til å bruke for læring i skulen. Dette er gjerne noko elevane tykkjer er kjekt, fordi det ikkje blir sett noko formelle krav til tekstane deira og at dei får fokusere på det dei ynskjer innan fagtemaet. Medelevar kan lære ved å gå inn på kvarandre sine bloggar og lese, kommentere og diskutere andre sine vinklingar på fagstoffet. Bloggen kan òg fungere som ein dokumentasjon for lærar på kva elevane kan og har lært innan dei ulike emna. I denne oppgåva har vi teke føre oss blogplattformen Blogger/ blogsopt, www.blogspot.com.

Ulike verkty for samarbeid:

Studeieblogg gir fleire mogleikar for samarbeid. Ein kan ha fleire forfattarar som samarbeidar om ein blogg, som gjer at elevane kan få eit vidare læringsutbytte enn om dei jobba aleine, fordi ein kan bruke bloggen til å samle fagstoffet på ein god måte. Uansett om elevane har ein individuell blogg eller samarbeidar om ein, kan dei kommentere og diskutere innlegga til kvarandre. Her kan dei komme med sine synspunkt og faglige innspel, og på denne måten lære av kvarandre.

Deling og publisering:

Studieblogg kan vere ei opa side, der alle kan gå inn og lese og kommentere eller ein kan gå inn og begrense kven som skal ha tilgong til sida. Ein kan lenkje til andre sida frå bloggen, og ein kan lenkje til bloggen frå andre soiale webnettstadar. Det er enkelt å dele bloggen, men det positive er at ein og kan velje kven som kan lese den.

Geo-merking:

Ein kan ikkje søkje opp via internett og tagge kvar ein er i dei ulike innlegga elevane postar i studiebloggen sin.

Funksjonar for dialog eller respons:

Som vi har vore inne på tidlegare kan ein føre ein dialog via studiebloggen ved å kommentere innlegga til kvarandre, og på denne måten gi elevrespons. Dette kan læraren òg vere ein del av, men ei vurdering vil kanskje passe seg betre og på ein nettstad der ein kan kommentere utan at det blir offentleg for alle å lese.

Funksjonalitet eksplisitt meint for bruk i læringsarbeid:

Studiebloggen gir nyemogleiker for læring, sidan elevane kan lære av kvarandre når dei ynskjer. Bloggane er heile tida under utvikling, og elevane kan lese og redigere etterkvart. Ein lærer ikkje berre av å lese andre sine bloggar, men òg av at andre kommenterar det ein sjølv har arbeida med og kjem med nye tankar rundt dette slik at ein kan arbeide vidare med emnet.

Studiebloggen har ikkje så mange funksjonar at ein går seg vill, den er oversiktelig og ryddig og slik enkel å bruke. Det er lett for elevane og publisere det dei har lært, og ein fin måte og lære meir på.



Gruppearbeid - Skrive av Marita og Karoline.