På den andre samlinga dette semesteret lærte vi om bilete. Vi fekk prøve å ta fleire bilete, med ulike kamera instillingar. Eg har tidlegare ikkje tenkt noko særlig over ISO, blender og lukketid når eg tek bilete. Difor tykte eg dette var særs nyttig å lære, eg såg fort kor mykje betre bilete ein kunne få om ein brukte desse verktøya riktig i enkelte situasjonar. Etter å ha testa ut nokre funksjonar på kameraet, la vi bileta over på datamaskina og redigerte dei i eit program som heiter Picasa. Eg har tidlegare vore vand med å bruke redigeringsprogrammet i Windows Live Photo Gallery for Vista. Difor har eg valt ut eit bilete eg har redigert frå kvart av programma og skal samanlikne mogleikane desse programma gir.
Bilete til høgre er redigert med programmet Picasa. Der har eg justert utfyllingslyset, og tatt ned farge temperaturen slik at bilete blei mørkare. Bilete til venstre har eg redigert med Windows Live Photo Gallery, her gjorde eg bilete lysare, varmare og brukte litt kontrast.
Begge desse programma gir gode mogleikar til å redigere bilete, begge har med dei viktigaste effektane. Picasa har litt fleire ”ferdig malar” der ein berre trykkjer på ein knapp og redigerar bilete til svart/ kvit, sepia osb. det har òg generelt litt fleire mogleikar som t.d. å lage bileteserie. Difor ville eg føretrekt å redigere bilete i Picasa.
Kva redigerisngsprogram likar du å bruke?
Takk for sist Marita, det er lett å se at du har kontroll på korleis ein kan redigere bilete ved hjelp av gratis verktøy. Eg trur sjølv at picasa er eit fint program men eg likar og photoshop sjølv om eg ofte går meg vill i alle tinga som er mogeleg der, kanskje litt for mykje av det gode for ein amatør som meg.
SvarSlett