Nokre fordelar ei elektrisk tavle kan gi i undervisninga kan vere at den fremjar elevaktivitet, den gir variasjon, skapar motivasjon og merksemd. Alt ein skriv på tavla, kan lagrast og brukast opp igjen enten til repetisjon eller til andre klassar ved seinare høve. Tavla gjer at ein enkelt kan laste ned videoar, bilete og lyd og bruke direkte i klasserommet. Dessutan kan ein bruke læringsressursar på internett, gjerne dei som høyrer til lærebøkene og integrere fleire ulike program. Om elevar lurer på noko som lærar ikkje har svar på, kan han gå inn på internett og prøve å finne svar på dette med ein gong. Elevarbeid som blir gjennomført på tavla kan takast opp på film, slik at lærar i etterkant kan gå tilbake og sjå korleis eleven tenkte, til dømes på eit reknestykke. Fordelar som er særskild for læraren er at ein kan klargjere opplegg på førehand, tavla kan ferdig skrivast før timen, så ein slepp å bruke tid på dette. Desse opplegga kan lærar lagre i si digitale portefølje, og bruke på nytt ved seinare anledningar. Det gir òg mogleikar til å skrive ut notat eller dele det med andre lærarar eller elevar. Eg vil seie at ei slik tavle eignar seg godt som tilpassa opplæring, alle elevar lærer ulikt og ei slik tavle kan dekkje mange læringsstilar. Om du ynskjer å finne ut meir om digitale tavler kan du gå inn på smartskole.no.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar