onsdag 23. november 2011

Rekneark

Å kunne rekne er den ferdigheita som tradisjonelt sett har vore mest knytta til å bruke digitale verktøy, som i denne samanhengen vil vere rekneark. Dette har si grunngjeving i at datamaskinene er godt utvikla for tunge rekne jobbar og behandling av store mengder data. Sidan rekning er ein av dei fem grunnleggjande ferdigheitene som skal inngå i alle fag, kan ein lett knytte rekneark til dei fleste fag.

Rekneark er eit opent dataprogram, det er ikkje avhengig av ein bestemt kontekst for å kunne bli brukt. Dette støttar opp under at programmet kan brukast i fleire fag, til dømes i matematikk, naturfag, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving. I matematikk kan programmet brukast til matematiske og økonomiske utrekningar og til å samle, systematisere og presentere data. I tillegg kan det egne seg godt for å visualisere statistikk, representasjon av samanhengar og innanfor emna funksjonar og algebra. I naturfag kan rekneark vere til hjelp når ein skal visualisere med modellar eller gjere forsøk og feltarbeid. Det kan vere ein fin måte og framstille resultat på eit forsøk i Excel, dette blir gjerne meir oversiktelig og ryddigare enn i Word. I språklæring kan ein trekkje inn Excel som digitalt hjelpemiddel ved gloseprøvar eller grammatikk. Excel kan vere eit godt verktøy i kroppsøving om ein klasse til dømes skal planleggje ein tur. Excel er eit omfattande program som gir elevane mogleik til å utforske, stille spørsmål, finne ut av samanhengar og undre seg. Ved digitale verktøy som rekneark på datamaskiner får ein nye mogleikar som gjer at ein kan trekkje skriving, lesing og munnleg aktivitet inn i faga på andre måtar enn tidlegare.
For at Excel skal fungere som eit verktøy for elevane, må dei forstå det elektroniske arket og samanhengane det viser. Eit stramt undervisningsopplegg kan lett gi programmet avgrensingar, difor må ein som lærar leggje vekt på at elevane skal få utforske programmet og finne ut kva mogleikar eit slikt rekneark kan gi. Det at elevane får erfaring med kor mykje tid og arbeid ein kan spare seg om ein nytta rekneark som digitalt hjelpemiddel i ulike fag er viktig for å motivere dei. Mange elevar tykkjer det er kjekt å bruke data i opplæringa, slik kan Excel vere noko kjekt samstundes som elevane lærer. Likevel er det viktig  å skape ei god haldning og motivere til bruk av dataprogram som hjelpemiddel. Etter mykje erfaring med Excel i praksisperiodar og ved høgskulen har eg sett at Excel kan vere eit veldig godt hjelpemiddel i opplæringa. Eg har sett mange fordelar ved å ta i bruk programmet i undervisninga mi, og kjem difor til å forsette med det.

Kjelder:
Bjarnø, Vibeke, Tonje Hilde Giæver, Monica Johannesen og Leikny Øgrim (2009). DidIKTikk, digital kompetanse i praktisk undervisning, 2.utgave.Bergen. Fagbokforlaget.
Høiland, Terje og Tor Arne Wølner(2007). Fra digital ferdighet til kompetanse- om didaktikk for arbeid med digitale medier i skolen. Oslo. Gyldendal Akademisk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar