onsdag 23. november 2011

Word eller Google Docs?

Word og Google Docs er to ulike skriveprogram som kan brukast i opplæringa. Eg har hatt ein god del erfaring med begge, og tykkjer at dei gir mange av dei same mogleikane. Ein av hovudforskjellane her er at Word kostar pengar, medan Google Docs er gratis. I DKL- studiet eg følgjer i år, brukar dei gratis prinsippet ved bruk av digitale verktøy. Dette tykkjer eg er positivt på mange område. Som student kan det vere greitt å kunne ta dei same programma direkte i bruk på eiga datamaskin. Det å bli kjend med ulike gratis program før ein kjem ut i skulen er òg vesentlig, sidan det er ikkje alle skular som har ressursar til å kjøpe inn slikt material.

Mange av gratis programma vil absolutt kunne fungere til gode læringssituasjonar. Men kan det oppstå problem ved bruk av desse? Sidan eg i dette blogginnlegget omtalar Word og Google Docs, vil eg svare ja. I praksisperioden min fekk eg erfare mykje bruk av Google docs, dette var det einaste skriveprogrammet skulen hadde. Både lærarar og elevar møtte mykje frustrasjon, særskild på grunn av dårlig internett tilkopling. Skal ein bruke Google Docs må ein ha internett tilgang, og sidan denne var svært varierande gjekk fleire undervisningsopplegg i vasken, og ein måtte alltid ha ein plan b. Dette tykte lærarar og elevar var slitsamt. Så på ein skule ville eg heller ha kjøpt Word, så ein alltid har eit skikkelig skriveprogram å bruke. Lærarar er profesjonelle, og fortena difor profesjonelt utstyr. Men eg er fullt open for at Google Docs er eit godt program som absolutt kan fungere i skulen, men ein må då vere obs på å ha god internett tilgong.

1 kommentar:

  1. : Google dokumenter er eit godt reiiskap å nytte i undervisninga som samarbeidsverktøy, vurdering (frå både lærar og elev) og som dokumentasjon, medan dette ikkje fungerar like godt dersom ein nyttar Microsoft Word. Du skriv dette: « lærarar er profesjonelle, og fortena difor profesjonelt utstyr.» Dette er ei tankevekkande setning. Det skal difor ikkje vere nødvendig å bruke ressursar på kostbare verktøy som Microsoft Word når det gir mindre moglegheiter for elevane enn ved å nytte google dokumenter. Problemet ligg i at skulen må betre sin infrastruktur og dette er ein sentral faktor som ein heller bør ha fokus på og krevje. Eit digitalt læringsmiljø består nettopp av denne faktoren og ved å betre denne situasjonen blir det ein vinn – vinn situasjon for både elevar og lærarar.

    SvarSlett