onsdag 18. april 2012

IKT og tilpassa opplæring

I opplæringslova §1-2  står det at alle elevar har rett på individuelt tilpassa opplæring. Dette kjem òg tydlig fram i kunnskapsløftet,  og det blir difor sett på som eit overordna mål i norsk skule. Tilpassa opplæring er ei tilrettelegging for læring der elevane utifrå sine evner og føresetnadar søkjer utfordringar slik at dei får utvikle seg faglig, sosialt, fysisk og personlig. Prinsippet byggjer på at læraren har kunnskap om og forståing av elevane sine læreføresetnadar. (Brøyn m.fl.2005) IKT har eit stort potensial når det gjeld å tilpasse opplæringa. Utfordringa til læraren ligg då i å sjå når og korleis dette verktøyet kan nyttast for å skape dei beste læreføresetnadane til kvar enkelt elev.

Datamaskina og programvarene i seg sjølv seier lite om kvaliteten elevane får på den tilpassa opplæringa. Det er difor viktig å hugse at læring skjer gjennom den sosiale og faglige overføringa mellom elevane og lærar tilknytt den IKT-baserte læringa. Det er fyrst då det kan oppstå høg kvalitets læring. (Brøyn m.fl.2005) Å bruke IKT som ein integrert del av undervisninga kan føre til at elevane ser på arbeidet med dei digitale læringsressursane i samanheng med fagstoffet.  Slik kan programvarene bli ein meirverdi i læringssituasjonen til elevane, slik som vi ynskja. Eg tykkjer at IKT kan vere eit særs godt læringsmiddel og skape ein god mogleik for å tilpasse opplæringa, dersom læringa blir sett inn i ein kontekst.

Det er utvikla mange gode digitale læremiddel som kan bli brukt i undervisning. Digitale læringsressursar er elektroniske hjelpemiddel som blir brukt i ein pedagogisk situasjon. Slik er det den pedagogsike konteksten som hjelpemiddela blir brukt i som gjer det til ein læringsressurs. Ein kan skilje mellom tre hovudtypar av digitale læringsressursar, standarprogram som teksthandsamar og rekneark, pedagogsike program og faglige ressurssider. På ein tekstbehandlar kan ein t.d. endre på menyane, og slik avgrense mogleikane og gjere programmet lettare eller vanskeligare. På same måte kan ein gjere tilpassingar i ein del pedagogiske program med tanke på nivå og tempo.  Eit pedagogisk program ein kan bruke i matematikkundervisning er «Marte i regnskogen» her kan lærar enkelt tilpasse vanskegrada og rekneart. (Bjarnø m fl. 2009)

Etter ein god del erfaring med bruk av digitale læringsressursar  i skulen, tykkjer eg at IKT er særs godt egna for å legge til rette for individualisering, differansiering, repetisjon og tilpassa opplæring. IKT kan vere med på å variere undervisninga, slik at ein kan tilretteleggje for å treffe kvar enkelt på deira sterke område. På den måten gir ein elevane utfordringar, samstundes som det er gode mogleikar for mestring, slike forskjellar kan vere ypparlege å nytte til læring i fellesskap. Tilpassa opplæring er nok ei av dei største utfordringane ein lærar møter i kvardagen. Eg trur at IKT kan vere med på å lette dette kravet fordi det gir så mange mogleikar når det gjeld tilpassing. Det er utvikla ei rekkje gode pedagogiske program som kan vere lærerike,  utfordrande og motiverande for elevar på alle nivå. Det viktigaste er at læraren veit om læringsmogleikane IKT kan skape, og nytta desse på ein hensiktsmessig måte.  Slik kan ei variert undervisning der lærar nyttar multimedialitet for å tilpasse undervisninga til elevane sine læringsstilar, føre til auka læring hos alle elevane. 

Kjelder:
Bjarnø Vibeke,  Tonje .H Gievær, Monica Johannesen og Leikny Øgrim (2009), DidIKTikk (2.utg.) Fagbokforlaget
Brøyn, Tore og Jon-Håkon Schultz(RED.) (2005),IKT og tilpasset opplæring (2.utg.)Universitetsforlaget AS

Internett:
Kunnskapsløftet (LK06) Udir.no
Førelesningsnotat ”IKT og tilpassa opplæring” DKL102. Våren 2012. Kjartan Bjorøy, forelesar og studieprogramansvarlig i DKL-studie. Henta 17.04.12 frå
https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$904267951$/RomArkiv/3.+Veke+5.+IKT+og+tilpassa+oppl_prcent_E6ring/DKL102+IKT+og+tilpassa+oppl_prcent_E6ring+v_prcent_E5ren+2012.pdf

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar