fredag 23. mars 2012

Digitalt tankekart i undervisninga

Eit tankekart er ei visuell og ryddig oversikt over tankar og idear. Det kan forklarast som eit verktøy som gir elevane anledning til å vere aktive konstruktørar av eigen vitskap. Slik som Antvort skriv i leksjonen sin om tankekart, skal elevane lære med verktøyet, ikkje av verktøyet. (nettstad) I dette blogginnlegget tek eg utgangspunkt i det digitale tankekartet.

Eit tankekart har mange ulike bruksområde som det kan takast i bruk i forhold til.  Dei områda eg tykkjer er mest relevante å ta det i bruk til er når elevane skal få noko forklart eller visualisert, som idèmyldring, kognitiv støtte i ulike prosessar, ta notat, utforske eller i kunnskapsbygging , i tekstskaping og som samarbeid.

Ein konkret måte å bruke tankekart på i opplæringa er som ein teknikk for idèmyldring. Det går ut på å skrive eit ord i midten av eit ark og skrive idèar til det sentrale etter assosiasjon. Elevane kan då trekkje forbindingar mellom dei ulike orda og ideane dei kom opp med.  Slik vil det bli ein måte å framstille ideane sine på som kan lette arbeidet med tekstskrivinga til elevane ved at det blir ein slags disposisjon for teksten etter at dei har trekt linjene mellom tankane sine. 


Det finnes mange dataprogram for tankekart, t.d. gratis programmet FreeMind. Dette kan enkelt lastast ned frå internett saman med eit innføringskurs, og er eit godt alternativ til bruk i skulen. Eg prøvde meg litt fram med dette verktøyet og laga eit lite tankekart over måtar ein kan bruke det på i skulen.
Etter å ha prøvd ut digitale tankekart, ser eg mange fordelar med dette i forhold til tankekart på papiret. Det elektroniske tankekartet kan lagrast, og på den måten takast fram igjen og redigerast, samstundes som at det held seg ryddig og oversiktelig. Ein kan enkelt dele det med andre og på den måten utveksle idear. Ei svakheit vil alltid vere at teknologien kan svikte, men eg tykkjer ikkje at det kan vege opp mot mogleikane det digitale tankekartet kan skape i undervisninga. Dette er absolutt noko eg vil prøve ut i undervisninga mi.


Kjelder:
Nettstad:
Førelesningsnotat ”Tankeverktøy” DKL102. Våren 2012. Kjell Antvort, forelesar og studieprogramansvarlig i DKL-studie. Henta 23.03.12 frå https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$577341605$/RomArkiv/2.+Veke+4+og+13_prcent_3A+Tankeverkt_prcent_F8y/Veke+4_prcent_3A+Tenkeverkt_prcent_F8y+1/DKL102_Tenkeverkt_prcent_F8y1_v12.pdf


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar