fredag 2. mars 2012

Samling 2: Barn og unge sin digitale kvardag.

Den andre samlinga dette semesteret handla om barn og unge sin digitale kvardag. Vi fekk gjennom denne samlinga mange gode idear til aktivitetar vi kunne ta i bruk i skulen for å nå den femte grunnleggande ferdigheita, nemlig å kunne bruke digitale verktøy for å lære.

Eit av undervisningsopplegga gjekk vi ekstra grundig igjennom og vi studentane fekk sjølve prøve det ut. Oppgåva var å lage ein animasjonsfilm for å få fram elevane sitt syn på eit fagleg spørsmål. Filmen vi laga, var eit svar på korleis ein finn omkrets av ein firkant.

Vi byrja med å lage eit manuskript, der handlinga og replikkane kom på plass. Vi tok deretter føre oss bileta som skulle vere med i filmen, og skreiv ned kva lyden til kvart bilete skulle vere. Dette blei eit viktig dokument for arbeidet vi hadde gjort. Når vi byrja å ta bileta og spele inn lyden, tok vi òg bilete av det vi gjorde med eit anna kamera som dokumentasjon på arbeidet.

Her er vårt svar på korleis ein finn omkretsen av ein firkant:



Eg tykkjer dette var ein svært kjekk måte å løyse eit slikt faglig spørsmål på. Eg trur absolutt at ei slik type oppgåve kan fengje elevane og vere ein god variasjon frå tradisjonell undervisning.  

Kva tykkjer du om vår løysing på oppgåva? :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar