mandag 23. april 2012

Bruk av RSS i undervisninga

Digital kompetanse er ein meget samansett kompetanse som blant anna dekkjer informasjonskompetansen. Det Store Norske leksikon definerer informasjonskompetase som  "...en samling av ferdigheter som gjør en person i stand til å identifisere når informasjon er nødvendig, og som setter vedkommende i stand til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende denne informasjonen". (Nettstad1) Ein måte å få elevane til å nå denne kompetansen på kan vere gjennom å nytte verktøyet RSS. Eg vil i dette blogginnlegget gjere greie for korleis ein kan bruke RSS i undervisninga og reflektere over kva nytteverdi dette verktøyet har.

RSS er ei forkorting for Really Simple Syndication (Richardson, 2006:75) Det er ein teknologi som gjer det mogleg å abonnere på innhald frå bestemte nettstadar, utan at ein treng å gå inn på sjølve nettstaden.  Slik kan ein enkelt overvake store mengder informasjon som ein ynskjer, utan å måtte oppsøkje den. (Nettstad2)Enkelte nettstadar oppdaterast ofte, og det kan fort bli gløymt eller tidkrevjande å søke desse opp. På den måten får vi teknologien til å jobbe for oss, og sparar tid. RSS kan slik vere eit nyttig verktøy både for elev og lærar.

Det finns mange gode læringsressursar på internett som kan nyttast til undervisning. For ein naturfaglærar kan det vere nyttig å følgje med på nettstaden forsknig.no. Ved å abonnere på ein RSSfeed, kan ein enkelt  få nyheitene direkte inn på nettstaden sin. Slik blir det enkelt å ha oppdatert informasjon tilgjengelig til planlegging og gjennomføring av undervisning. (Bjarnø:2009) RSS kan i høg grad vere med på å effektivisere arbeidet til læraren. Om klassen t.d. har studiebloggar kan lærar  i staden for å søkje opp kvar enkelt elev, få opp når elevane oppdaterer noko på RSS-lesaren sin, og på den måten spare tid. Om klassen skal arbeide med eit prosjekt kan lærar på førehand lage ein RSS- lesar som han delar med klassen med relevante og pålitelige kjelder. Å ta i bruk RSS i undervisninga er tett knytt til å utvikle elevane sin informasjonskompetanse sidan dei slik vil bli forberedt på korleis dei kan orientere seg og navigere eit komplekst informasjonssamfunn. Elevane får gjennom eit slikt arbeid handtere store mengder med informasjon som vert endra kontinuerlig, dette er ein viktig del av informasjonskompetansen. (Nettstad2)

Gjennom DKL studiet har eg oppretta ein konto i RSS-lesaren Netvibes. Denne er ganske lik andre RSS-lesarar, men grunnen til at eg valte den er at den opnar for å dele RSS-straumen med andre. Netvibes er gratis og egnar seg godt til i bruk i skulen fordi den er enkelt å bruke, oversiktelig og ryddig. Eg tykkjer at Netvibes var særs nyttig for meg, sidan det ofte er dei same nettstadane eg besøkjer. No kan eg enkelt halde meg oppdatert på alt frå nyheiter, været, bloggar og høgskulen, ved å gå inn på Netvibes-kontoen min. Det einaste minuset eg har erfart så langt er at det ikkje er alle nettstadar som tilbyr RSS-tjenesten endå. Etter å ha blitt kjend med RSS er likevel min konklusjon at dette er eit ypparleg verktøy for å effektivisere internettbruken for alle. Det opnar for gode mogleikar i skulen, og eg trur det kan vere særs motiverande å ta dette i bruk for elevane sidan ein så lett kan sjå nytteverdien det gir. 

Kjelder:
V. Bjarnø, T.h Gievær, M. Johannesen og L. Øgrim (2009), DidIKTikk (2.utg.) Fagbokforlaget
Will Richardson (2006) Blogs, Wikis, Podcasts and Other Powerful Web Tools for Classrooms, Corwin Press
Internett:
Nettstad 1:
Førelesningsnotat ”Informasjonskompetanse” DKL102. Våren 2012. Ivar John Erdal, førelesar på Medie- og kommunikasjonsteknologi og DKL-studiane. Henta 17.04.12 frå
https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$399421416$/RomArkiv/6.+Veke+10-12_prcent_3A+Informasjonskompetanse/V12_DKL102_Informasjonskompetanse1.pdf
Nettstad 2:
Førelesningsnotat ”Informasjonskompetanse 2” DKL102. Våren 2012. Ivar John Erdal, førelesar på Medie- og kommunikasjonsteknologi og DKL-studiane. Henta 17.04.12 frå
https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$399421416$/RomArkiv/6.+Veke+10-12_prcent_3A+Informasjonskompetanse/V12_DKL102_Informasjonskompetanse2.pdf
Nettstad 3:
http://www.netvibes.com/privatepage/1

2 kommentarer:

  1. Eg tykjer du viser ein god refleksjon over kvifor RSS er eit godt verktøy å bruke i skulekvardagen.

    Noko vi har lært gjennom DKL er at det er viktig at ein bruker verktøy som ein kan tjene på å bruke. Altså at dei er lett håndterlige og at man får noko igjen av å bruke det Det er bra du har vurdert også utifrå dette.

    SvarSlett
  2. synst dette verktøyet er veldig smart å bruke på tanke med tidspresset i skulen. med Netvibes kan man spare tid på å gå inn på en side som oppdateres hele tiden, enn å gå inn på alle dei ulike sidene hver for seg.

    SvarSlett