I dette blogginnlegget vil eg ta føre meg opphavsrett med hovudvekt på publisering av bilete på internett og korleis ein kan arbeide med dette emne i skulen.
Materialet som er lagt ut på internett ligg der for kven som helst til å lese, sjå, lytte og diskutere. Etter Kopinor - avtalen kan ein bruke og lagre elektronisk materiale slik ein ynskjer for bruk i undervisninga. Det kan vere ei ganske enkel sak å kopiere bilete frå internett og bruke dei på eiga nettside. Det vil seie republisering av bilete (eksemplarframstilling), og er ikkje lov. Berre rettigheitshavar, som vil seie den som har rett til å framstille eksemplaret kan publisere bileta på internett. Her vil eg nemne eit unntak, som gjeld om bileta ligg på ei nettside der det blir uttrykka at bileta er gratis, og at ein kan laste dei ned og bruke dei til kva ein vil.
Det kan vere eit vanskelig skilje å vite når ein kan publisere eit bilete og ikkje. Her bør ein ikkje ta sjansar, og det kan difor vere nyttig å setje seg inn i det åndsverklova seier. Når det gjeld bilete seier lova at ein må ha tillating frå fotografen for å publisere eit bilete, fordi det er denne personen som har einerett på bilete. (Åndsverksloven 1961, §43a). Fleire omsyn ein må ta er om det er personar med i bilete. Kjem desse tydelig fram må ein òg ha tillating frå personane og føresette, om dei er yngre enn femten år. Her finnes eit unntak frå lova, det er om bilete er teke i det offentlege rom eller om ein ikkje kan identifisere personane, til dømes i 17. mai tog. Då er det berre fotografen ein må ha tillating frå. (Åndsverkloven 1961, § 45c) Skulle bilete vise eit åndsverk, er etisk uforsvarleg eller kriminaliserande er dette og faktorar ein må ta omsyn til når det gjeld publisering. Her er det viktig å hugse på at lova er til for å beskytte oss (personvern) og sørgje for at vi får eit rimelig vederlag for vår skapande innsats (opphavsrett) (Førelesning med Kjell Antvort, 3. samling).
Sidan internett stadig har ei auka stilling i skulen og undervisninga, blir det viktigare å lære elevane om åndsverklova. Opphavsrett er noko som opptar barn og unge. Det kan vere uforståelig frå deira ståstad at dei ikkje kan bruke det dei finn på nettet , til dømes å kopiere musikk eller anna som ligg tilgjengelig for dei. I ein undervisningssituasjon ville eg ikkje lagt hovudvekt på å lære dei lovene, men å få elevane i dialog, og at dei på den måten kan forstå lovene og kvifor dei er slik. Ein kan gjerne ta føre seg ein tenkt situasjon, slik at elevane kan identifisere seg med opphavsmannen. Då kan det vere større sjans for at elevane får ei anna oppfatting om kva som er rett og gale. Når elevar brukar internett for å laste ned bilete og tekst, til dømes i eit prosjektarbeid møter ein med ein gong opphavsrettslege spørsmål. Elevane kan laste ned materiell frå internett til slike arbeid så lenge det berre skal visast i klasserommet for lærar og medelevar. Om ein derimot legger ut presentasjonen på internett, blir det rekna som eksemplarframstilling og kan rammast av åndsverklova. Bodskapen her vil vere at ein har eit stort ansvar, og må setje seg inn i det lovverket seier. Ein må difor vurdere og tenkje seg godt om før ein publiserar eit bilete offentlig på internett.
Kjelder:
Bjarnø, Vibeke, Tonje Hilde Giæver, Monica Johannesen og Leikny Øgrim (2009). DidIKTikk, digital kompetanse i praktisk undervisning, 2.utgave.Bergen. Fagbokforlaget.
Åndsverkloven (1961), henta 23.11.11 frå: http://www.lovdata.no/all/hl-19610512-002.html
Førelesningsnotat ”Hensyn” DKL101. Hausten 2011. Kjell Antvort, forelesar og studieprogramansvarlig i DKL-studie. Henta 23.11.11 frå https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/94132477$577341605$/RomArkiv/Uke+47_prcent_3A+Hensyn/DKL101_Hensyn_h11.pdf